logo_new.png
 
 
 

    

Korona-info

Viktig presisering frå smitteverntenesta i Herøy kommune:

https://www.heroy.kommune.no/aktuelt/nar-ma-barn-vere-heime-fra-barnehage-og-skule.91505.aspx

Om du er interessert i å vite kva slags rettningslinjer som gjeld for smittevern i skulen, kan du studere dette i Utdanningsdirektoratet sin  "Veileder for smittevern".

Skulen skal gjere alt vi kan for å etterfølgje både sentrale og lokale rettningslinjer om smittevern, og vi har laga vår eigen detaljerte "Smittevernrettleiar for Møre" som vert revidert fortløpande ved behov.

 

skule-nynorsk.jpg

LEKSER PÅ MØRE?

Forrige skuleår køyrde vi prosjektet "Leksefri skule" på Møre. Vi ønskte å prøve ut korleis det gjekk å kutte ut tradisjonell lekse. Vi gjorde oss mange erfaringar, og vil vidareutvikle prosjektet komande skuleår.

Hovudpunkta i evalueringa i kollegiet på slutten av forrige skuleår var:

  • det er store skilnader frå 1.-10.kl. på korleis ein har opplevd "Leksefri skule" - meir positivt til lenger opp i klassene
  • prosjektet har virka positivt inn på relasjonar, motivasjon og arbeidsinnsats i timane - også aukande ved høgare klassesteg
  • individuell tilpassing er viktig!
  • det er utfordrande å få til eit tett nok heim-skule-samarbeid
  • nok mengetrening i matematikk er utfordrande utan lekser
  • vi treng å vere tydelegare på at "lesing står i ei særstilling", og jobbe med korleis dette skal gjerast
  • vi har gode erfaringar med litt større heimearbeid t.d innføringsarbeid, lese til prøver, praktiske oppgåver, kreative prosjekt

Erfaringane tek vi med oss i ei vidareutvikling av prosjektet komande skuleår. Nokre viktige punkt på vegen vidare vil vere:

  • vi vil ikkje tilbake til tradisjonelle lekser
  • vi ønskjer å flytte litt på fokus - frå "leksefri" til leksebevisst", og heller bruke uttrykket "heimearbeid" enn "lekser"
  • ein lærar kan velje å gi heimearbeid, men det skal brukast som eit grunngitt, pedagogisk verktøy, ikkje ein tradisjon
  • eit heimearbeid skal opplevast meiningsfullt for eleven
  • alle elevar skal lese heime i løpet av veka, og ein må samarbeide godt om korleis ein skal få til dette på ein positiv måte
  • vi treng nye, gode rutiner og plattformer for heim-skule-samarbeidet

Møre barne- og ungdomsskule

Møre barne- og ungdomsskule i Herøy kommune er ein kristen privat grunnskule på Søre Sunnmøre. Skulen sin visjon er knytt til orda kvalitet, kunnskap, kjennskap og karakter, og lyder slik: ”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

Skulen tilbyr i dag opplæring frå 1. til 10.klasse for elevar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. Skulen har dei siste åra hatt mellom 100 og 150 elevar. Skulen har høgt kvalifisert undervisningspersonale og vektlegg god kompetanse og klasseleiing som viktige faktorar for undervisninga.

Les meir om skulen i toppmenyen "Om skulen".

 FORELDREPULSEN

itslearning_mai_2014.png
facebook_mai.png
   INNTAK AV ELEVAR
TILSETTE
SFO
LINKAR
STILLING LEDIG
SKULERUTE



   HEIM
OM SKULEN
KONTAKT
KONTAKT SFO
SØKNADSSKJEMA
OFTE STILTE SPØRSMÅL



web_more2_its_learning.png
ohhellyes.png