logo_new.png
 
 
 

    

Inntak av elevar

Skulen startar normalt inntaket av nye elevar i mars våren før skulestart. Vidare vert det gjort inntak av nye elevar på trinn det er ledige skuleplassar fram til søknadsfristen 1.oktober. Føresette vert oppmoda om å søkje i god tid. Vanleg prosedyre ved inntak av elevar til Møre barne- og ungdomsskule er slik:

 

  1. SØKNAD
    Føresette sender inn søknad på eige søknadsskjema frå menyen til høgre.
  2. MOTTEKEN SØKNAD
    Skulen sender stadfesting på at søknaden er motteken innan to veker etter at søknaden er motteken.
  3. MØTE MED SKULEN
    I) Om skulen har ledig elevplass vert det sendt ut invitasjon til elev og føresette om møte med skulen våren før skulestart. Dette for å kunne verte kjend med skulen og få informasjon om skulen. Dersom søknaden kjem nært skulestart eller etter skulestart før 1.oktober vert det normalt kalla inn til møte i løpet av to veker.
    II) Om skulen ikkje har ledig elevplass vert føresette orientert om at eleven er sett på venteliste. Føresette vert kontakta om det vert ledig skuleplass ved eit seinare høve.
  4. TILBOD OM SKULEPLASS
    I møtet med skulen får eleven tilbod om skuleplass, og føresette får med svarskjema der skulen ber om stadfesting på om ein tek imot skuleplassen eller takkar nei til skuleplassen. Føresette fyller ut svarskjema og returnerer til skulen. 
  5. INNTAK AV ELEVAR
    I)
    Om ein i svarskjema takkar nei til tilbod om skuleplass vert saka avslutta her.
    II) Om ein i svarskjema takkar ja til skuleplass vert ein teken inn som elev. Skal eleven inn i 2.-10. trinn vert føresette oppmoda til å orientere skulen der eleven sluttar.
  6. VEDTAK OM SKULEPLASS
    For dei som takkar ja til skuleplass gjer skulen enkeltvedtak om inntak av ny elev. Vedtaket vert sendt til heimen og til skulekontoret i eleven si heimkommune.

 FORELDREPULSEN

itslearning_mai_2014.png
facebook_mai.png
   INNTAK AV ELEVAR
TILSETTE
SFO
LINKAR
STILLING LEDIG
SKULERUTE



   HEIM
OM SKULEN
KONTAKT
KONTAKT SFO
SØKNADSSKJEMA
OFTE STILTE SPØRSMÅL



web_more2_its_learning.png
ohhellyes.png