logo_new.png
 
 
 

    

om oss

Møre barne- og ungdomsskule er ein kristen privat grunnskule i Herøy kommune. Skulen sin visjon er knytt til orda kvalitet, kunnskap, kjennskap og karakter, og lyder slik: ”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

GRUNNSKULE 1-10
Skulen tilbyr i dag opplæring frå 1. til 10.klasse for elevar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. Skulen har i fleire år hatt omlag 100-140 elevar. Skulen har høgt kvalifisert undervisningspersonale og vektlegg god kompetanse og klasseromsleiing som viktige faktorar for undervisninga.

SKULEBYGG OG UTLEIGE
Skulen vart etablert i 2004 og har i dag nye skulebygg frå 2008-2009. Skulen har gode lokaliteter til både teoretiske og praktiske fag med blant anna idrettshall (324 kvm), garderober, kjøkken, amfi (84 plassar), sløydsal, naturfagsrom, musikkrom, grupperom, møterom og bibliotek. Amfiet og alle rom i ungdomsskuleseksjonen er utstyrt med naudsynt IKT- og mediautstyr. I 2012 vart skulen utbygd med eiga avdeling for barnetrinnet, og i 2016 var det bygd ny personalavdeling. Skulen framstår med det som ein komplett og romsleg 1.-10.skule på omlag 3 000 kvm. Skulen tilbyr i dag utleige av hallen og ulike rom på ettermiddag og kveldstid. Skulen har adresse Industrivegen 1 og er lokalisert på Myrvåg serviceområde, nær Pekas og Myrvåg helsesenter, med god bussforbindelse til alle kommuner.

SØKNAD OG OPPTAK
Skulen tek inn elevar på alle trinn og gjev tilbod om skuleplass til dei første som søkjer for kvart skuleår. Skulen er open for alle elevar som søkjer om skuleplass. Skulen gjer i mars opptak av nye elevar for oppstart hausten, men kan ta inn elevar fram til 1.oktober dersom det er ledige plassar. Søkjarar vert tilbydd skuleplass kronologisk etter når dei søkjer, og det vert difor tilrådd å søkje tidleg. Skulen har pr i dag søknader fram til skulestart 2026.

ØKONOMI
Skulen mottek statsstøtte som tilsvarar 85 % av det kommunene mottek for offentlege skular. Dette vert kompensert ved at ungdomstrinnet har skulepengar (skuleåret 2017/2018 kr 6 100,-/år). Dette dekkjer også skule-MAC og avsluttande tur på 10.trinn. Søsken får moderasjon ved at barn nr 2 og vidare får 25 % rabatt. Skulen har i tillegg stipendordning for familiar med svak økonomi slik at skulen skal kunne vere open for alle elevar, uansett økonomi.  På barnetrinnet er det ikkje skulepengar, og gratisprinsippet gjeld fullt ut.

IDENTITET
Skulen er stifta av Sunnmøre Indremisjon og grunna på det kristne trus- og verdigrunnlaget. Skulen vil i alt sitt virke søkje å gje elevane det beste dei kan få for både livet og det evige livet. Trivsel, tryggleik og læring er viktige faktorar for skulekvardagen. Skulen legg vekt på at elevane skal få utvikle refleksjon, kritisk tenking og sjølvstendig identitet kring viktige val i livet, både med omsyn til etisk tenking, verdival, utdannings- og yrkesval og refleksjon over livssyn.

”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

Skulen sin visjon

 FORELDREPULSEN

itslearning_mai_2014.png
facebook_mai.png
   INNTAK AV ELEVAR
TILSETTE
SFO
LINKAR
STILLING LEDIG
SKULERUTE



   HEIM
OM SKULEN
KONTAKT
KONTAKT SFO
SØKNADSSKJEMA
OFTE STILTE SPØRSMÅL



web_more2_its_learning.png
ohhellyes.png