Gode grunnar til å gå på møre?
Det er veldig mange ulike grunnar til at elevar vel å gå på Møre, eller foreldre vel å sende born og ungdommar på Møre. Nokre av grunnane er heilt sikkert korrekte, medan andre kan vere vanskeleg for skulen å vurdere. Her er nokre av grunnane vi har høyrt frå elevar og foreldre:
- "fordi miljøet er mindre og tryggare"
- "eg har hørt at både elevar og lærarar trivast veldig godt"
- "vi vel å sende borna på Møre fordi skulen ligg nært der vi bur"
- "lærarane er veldig gode med elevane"
- "vil gå på ein kristen skule"
- "det er ein kvalitetsskule i alle ledd"
- "det er lett å kome dit med buss"
- "har blitt erta og mobba der eg går på skule no"
- "det er lov å vere skuleflink på Møre"
- "vi som foreldre ynskjer å gjere eit bevisst verdival som kristne"
- "det er ein ny skule med stor idrettshall"
- "vil prøve noko nytt og ikkje gjere det same som alle andre"
- "miljøet på skulen der eg går er dårleg"
- "skulen har eit bra opplegg til dei som slit på skulen"
- "den offentlege skulen vert avkristna, og det ynskjer eg ikkje for mine born"
- "har hatt storesøsken som har gått der og vore nøgd"
- "alle ungdomsskuleelevane får PC vi kan bruke heime og på skulen"
- "har hørt at lærarane er gode til å undervise"
- "kjenner nokon som har gått der og hatt det veldig bra"
- "eg har høyrt berre positivt om skulen"