kva skjer om ein søkjer på møre?
Skulen tek inn elevar i samsvar med eit eige inntaksreglement. Inntaksreglementet finn ein under søknadsskjemaet.
Skulen er open for alle elevar som søkjer om skuleplass. Skulen tek inn elevar på alle trinn og gjev tilbod om skuleplass til dei første som søkjer for kvart skuleår. Skulen gjer i mars opptak av nye elevar for oppstart hausten, men kan ta inn elevar fram til 1.september, dersom det er ledige plassar. Søkjarar vert tilbydd skuleplass kronologisk etter når dei søkjer, og det vert tilrådd å søkje tidleg. Skulen har pr i dag søknader for mange år fram i tid, både på barneskulen og på ungdomsskulen.