Mører barne- og ungdomsskule-35.jpg

Ofte stilte spørsmål

Lurer du på noko? Sjansen er stor for at du ikkje er den einaste. På denne sida kan du lese svara på ofte stilte spørsmål.

 

Gode grunnar til å gå på Møre

Det er veldig mange ulike grunnar til at elevar vel å gå på Møre, eller foreldre vel å sende born og ungdommar på Møre. Nokre av grunnane er heilt sikkert korrekte, medan andre kan vere vanskeleg for skulen å vurdere. Her er nokre av grunnane vi har høyrt frå elevar og foreldre:

  • "fordi miljøet er mindre og tryggare"

  • "eg har hørt at både elevar og lærarar trivast veldig godt"

  • "vi vel å sende borna på Møre fordi skulen ligg nært der vi bur"

  • "lærarane er veldig gode med elevane"

  • "vil gå på ein kristen skule"

  • "det er ein kvalitetsskule i alle ledd"

  • "det er lett å kome dit med buss"

  • "har blitt erta og mobba der eg går på skule no"

  • "det er lov å vere skuleflink på Møre"

  • "vi som foreldre ynskjer å gjere eit bevisst verdival som kristne"

  • "det er ein ny skule med stor idrettshall"

  • "vil prøve noko nytt og ikkje gjere det same som alle andre"

  • "miljøet på skulen der eg går er dårleg"

  • "skulen har eit bra opplegg til dei som slit på skulen"

  • "den offentlege skulen vert avkristna, og det ynskjer eg ikkje for mine born"

  • "har hatt storesøsken som har gått der og vore nøgd"

  • "alle ungdomsskuleelevane får PC vi kan bruke heime og på skulen"

  • "har hørt at lærarane er gode til å undervise"

  • "kjenner nokon som har gått der og hatt det veldig bra"

  • "eg har høyrt berre positivt om skulen"

Har ein vanlege fag på Møre?

Ja, så absolutt! Det er staten som godkjenner læreplanane for alle norske grunnskular, så også med dei private grunnskulane. Ein kan i liten grad ta vekk opplæringsmål frå Kunnskapsløftet, men står friare til å leggje til. Møre barne- og ungdomsskule følgjer Kunnskapsløftet på lik linje med offentleg skule i dei fleste fag, men har eigne godkjende planar i nokre fag. Dette inneber små justeringar i Kunnskapsløftet sine planar i naturfag og kroppsøving. I tillegg har skulen ein eigen plan i faget kristendom med religions-, livssyns- og filosofiorientering som erstattar faget RLE i offentleg skule. Elevane vil i samsvar med planane lære det same som i offentleg skule, men med dei tillegg skulen har i eigne planar.

Kva lærebøker brukar Møre?

Skulen nyttar godkjende lærebøker i alle fag og har i stor grad same lærebøkene som andre skular. Skulen legg vekt på å ha nye lærebøker som er tilpassa siste læreplanane i kvart einskild fag. Skulen har i tillegg ei Mac-ordning som gjer at alle elevane i ungdomsskulen disponerer eigen bærbar Mac til skule- og heimearbeid. På barnetrinnet har elevane iPad. Dette gjer at det i fleire fag vert aktiv bruk av gode nettsider med faginnhald i tillegg til lærebøkene.

Korleis kjem ein seg til og frå skulen?

Skulen har i dag god bussforbindelse til alle kommunar, og timeplanen er tilpassa busstilbodet slik at skuledagen ikkje vert forlenga med unødvendig ventetid. Reisetid? Ulsteinvik 15 min, Fosnavåg 20 min, Hareid 25 min, Ørsta og Volda 30 min.

Kva skjer om ein søkjer på Møre?

Skulen tek inn elevar i samsvar med eit eige inntaksreglement. Inntaksreglementet finn ein under søknadsskjemaet. 

Skulen er open for alle elevar som søkjer om skuleplass. Skulen tek inn elevar på alle trinn (unntak på 10.trinn) og gjev tilbod om skuleplass til dei første som søkjer for kvart skuleår. Skulen gjer i mars opptak av nye elevar for oppstart hausten, men kan ta inn elevar fram til 1.september, dersom det er ledige plassar. Søkjarar vert tilbydd skuleplass kronologisk etter når dei søkjer, og det vert tilrådd å søkje tidleg. Skulen har pr i dag søknader for mange år fram i tid, både på barneskulen og på ungdomsskulen.

Er Møre livssynsnøytral?

Nei. Skulen er open, ærleg og tydeleg på at den er basert på dei kristne grunnverdiane og det kristne menneskesynet. Dette er basisen for arbeidet, og det er også synleg i skulekvardagen. Vi trur ikke det er mogleg å drive nøytral skule. Elevane på Møre veit kva utgangspunkt både lærarar og andre tilsette har for si formidling av kunnskap og tru, og kan på den måten vere trygge på at skulen ikkje har nokon skjult agenda. Det er i tillegg viktig å presisere at elevane får grundig opplæring i andre religionar og livssyn.

Må ein vere kristen for å gå på Møre?

Nei, skulen er sjølvsagt open for ALLE! Det er ikkje krav om å meine, tru eller tenke verken det eine eller andre. Skulen arbeider med basis i dei kristne grunnverdiane og er både open og ærleg på at vi har som mål at elevane skal verte kjende med den kristne trua. Samstundes er det viktig for skulen å hjelpe elevar til både å tenkje og reflektere på eiga hand og ta eigne val.

Har skulen SFO-tilbod?

Ja. Les meir på denne sida: SFO

Kva kostar SFO-tilbodet?

Les meir på denne sida: SFO

Kva kostar det å gå på Møre?

På barnetrinnet (1.-7.trinn) var det fram t.o.m skuleåret 21/22 ikkje skulepengar. Utanom skulepengane gjeld gratisprinsippet.

På ungdomstrinnet (8.-10.trinn) er det også skulepengar. Den årlege summen (som vist under) vert delt i ti like beløp og fakturert kvar månad. Utanom skulepengane gjeld gratisprinsippet også for ungdomstrinnet, noko som gjer at t.d. Mac-ordninga og alle skuleturar er gratis for elevane.

Barnetrinnet (1.-7.trinn):

  • 2023/2024:

    • 1.klasse: kr 0,- pr år

    • 2.-4. klasse: kr 4000,- pr år

    • 5.-7. klasse: kr 6000,- pr år

    • Søskenmoderasjon vert 25% på barn nr 2 og 40% for barn nr 3.

Ungdomstrinnet (8.-10.trinn):

  • 2023/2024: kr 12 000,- pr år

  • Søskenmoderasjon vert 25% på barn nr 2 og 40% for barn nr 3.

Kan ein gå på skulen sjølv om ein ikkje har råd til det?

Ja. Skulen har eiga stipendordning for å kunne gje alle eit alternativt skuletilbod, uansette økonomi. Vi ynskjer at skulen skal vere eit tilbod til alle! Skulen har eit eige søknadsskjema for stipend som du finn her, og vedtektene for tildeling av stipend finn du her. Ta kontakt med skulen om du lurer på meir angåande økonomi og stipend.

Kvifor krev Møre skulepengar frå elevane?

Private skular får berre 85% frå staten i forhold til den offentlege skulen, og for å dekke inn noko av dette må vi pr idag ta inn skulepenger. På ungdomstrinnet er skulepengane 12 000,- pr år (23/24). På barnetrinnet (1.-7.kl) har det i mange år vore gratis, men frå skuleåret 22/23 blei det også skulepengar på dei fleste av desse trinna. Prisane for 23/24 er: 1.kl: gratis; 2.-4.kl: kr 4000,- pr år; 5.-7.kl: kr 6000,- pr år.

Når kan ein begynne på Møre?

Søknadsfristen er 1.mars med skulestart til hausten. Dersom det er ledige skuleplassar etter hovudopptaket 1. mars kan ein fortsatt få skuleplass til inntaket stoppar 1. september. Dei som får skuleplass frå 1. mars startar på skulen når skulen startar opp i august. Etter skulestart, kan ein starte fram til 1.september (dersom det er ledige plassar).

Kven kan gå på Møre?

Skulen er open for alle elevar så sant det er plass. Er du i tvil om vi har plass er det berre å ta kontakt! Skulen har pr i dag elevar frå Herøy, Ulstein, Sande, Hareid, Volda og Ørsta

Kvifor finst det private skular?

Foreldre har ansvar for grunnopplæringa
Foreldre har både rett og plikt til å gje sine barn ei grunnopplæring. Denne opplæringa skal dei kunne gje i samsvar med eiga overbevisning, både med omsyn til etikk og moral, religion og filosofi. Dette slår internasjonale menneskerettar fast gjennom til dømes menneskerettskonvensjonen og barnekonvensjonen.

Skulen er til for å hjelpe foreldra
Spørsmålet er difor heller: Kvifor fins det skular når det er foreldre sitt ansvar å gje barna grunnopplæring? Svaret er at skulesystemet er organisert for å hjelpe foreldra til å oppfylle si plikt til grunnopplæring for sine barn. Staten har då oppretta ei mengd offentlege skular for å hjelpe foreldra. I dette arbeidet har staten eit krav over seg, også det gjennom menneskerettane: "Funksjoner staten påtar seg i utdanning og undervisning, skal den utøve med respekt for foreldres rett til å sikre slik utdanning og undervisning i samsvar med deres religiøse og filosofiske overbevisning." (1.tilleggsprotokoll, art.2 "Rett til utdanning). Alle som finn at den offentlege skulen gjev grunnopplæring i samsvar med eiga overbevisning, kan med stort frimod sende sine barn dit.

Den offentlege skulen kan ikkje hjelpe alle
Den norske stat har valgt å lage ein einskapleg skule, ein fellesskule. Dvs at alle skulane i prinsippet skal vere heilt like, både i innhald og grunnsyn. Dette gjer at den offentlege skulen ikkje kan nå alle foreldre med hjelp i samsvar med foreldra si eiga overbevisning. Når så staten ikkje lukkast med å gje dette tilbodet til alle, så vert det oppretta private skular. Desse har som oppdrag å vere til hjelp for dei foreldra som ikkje finn at den offentlege skulen kan gje grunnopplæring i samsvar med eiga overbevisning. Difor vert det oppretta skular med til dømes religiøst alternativ eller pedagogisk alternativ.

Kristne skular
I opplæringslova står det at den offentlege skulen skal bygge på grunnverdiar frå humanistisk og kristen arv og tradisjon. Både dei humanistiske og dei kristne grunnverdiane har vore framtredande i offentleg skule i Norge opp gjennom historia. Kort fortalt har ein dei siste hundre og femti åra imidlertid sett at dei kristne verdiane, det kristne innhaldet og det kristne  livssynet har vorte degradert i norsk offentleg skule. Dette har gjort at foreldre med ei kristen overtyding har funne det naudsynt å leite etter alternative skular for sine barn, for å kunne oppfylle si plikt og sin rett til å gje sine barn ei grunnopplæring i samsvar med eiga overbevisning. Dette er noko av bakgrunnen for at det frå slutten av 1800-talet og fram til i dag har vorte oppretta kristne private grunnskular.

 
Møre barne- og ungdomsskule.jpg